1 2 3

Politipreseten i Oslo - Ein stille misjonær.

Politipreseten i Oslo - Ein stille misjonær.

03-12-2013
Politiprest i Oslo, Inge Ålgård, står ved inngangen til den private delen av politihuset. Han ser på klokka. Det er enno fem minuttar til intervjuet startar. – Eg var ferdig med det eg skulle, så eg tenkte du skulle sleppe å venta, seier han. Heisen går opp til sjuande etasje. I kantina spanderer han te. Varm kantine, varm drikke, ein mann full av varme. Dette er starten på eit nesten tre timer langt møte med ein litt spesiell prest. Ein prest som fortel at han har lært av Kirkens SOS at vi har to ører og ein munn – men som sjølv pratar som ein foss.

Det fine i det triste

Inge har jobba som politiprest i Oslo i overkant av eitt år. Første arbeidsdag var 11. september i fjor. Dette er også datoen for bursdagen hans og han utrykker at det var tidenes bursdagsgåve. – Eg elskar jobben min, seier han. – Eg blir inkludert og vist tillit. I denne jobben får eg bruka mine evner. Det set eg pris på.
   Arbeidsoppgåvene til Inge er mange og varierte. Å snakka med pårørande, gå med dødsbod, delta i ulike samtaleforum og vera med politiet når dei er ute og køyrer er berre noko av det han gjer i løpet av ei veke.
   - Som prest møter ein mange menneske i sorg. Dette kan vera slitsamt. Etterkvar som eg bli eldre kjenner eg at eg blir meir følsam. Det hender eg gret på jobb. Men då oftast grunna noko fint som kjem ut av noko trist. Det var ein mann som omkom i ei bilulukke. Det var fleire pårørande – blant anna born. Idet dei kom til staden der ulukka hadde funne stad slutta alle arbeidarane å arbeida. All trafikk blei sperra av og dei pårørande brukte all den tida dei trengte. Dette var ein trist augneblink som blei fin grunna respekten menneska viste for kvarandre.
   Sjølv om Inge har mange utfordrande oppgåver – der fleire er kjenslelada, søv han godt om nettene. – Eg søv som eit barn. Eg har lært meg kjenne skilnaden på mine eigne og andre sine kjensler. Så lenge eg ikkje kan relatera meg til ein situasjon går det greitt å halda kjenslene på avstand, men dersom det er ein situasjon eg kjenner igjen frå mitt eige liv er det meir utfordrande. Då er det viktig å kunne fortelja nokon «ja, eg slit». Derfor må ein heile tida vera merksam på sine eigne kjensler.

Stille misjon

Inge sit lent godt tilbake i kantinestolen. Han får den til å sjå behageleg ut. Ved å stilla eit spørsmål blir han meir på hugget.
   - Kva betyr trua for deg i jobben?
   Inge tenkjer lenge. ­– Eg burde kanskje svara fortare? smiler han. – Det er eit vanskeleg spørsmål. Trua ligg til grunn for det eg gjer og tenkjer, men eg snakkar ikkje mykje om den. Eg seier som Frans av Assisis «Evangeliet skal forkynnes til en hver tid – om nødvendig med ord». – Eg treng ikkje alltid seia noko, men eg representerer noko. Alle rundt meg veit kva eg trur på.
   - Det er ikkje store forskjellen om eg hadde vore kristen eller ikkje i denne jobben. Arbeidsoppgåvene hadde ofte vore dei same. Den største skilnaden er kanskje at eg bed for menneska her. Kanskje ikkje alle ynskjer det, men eg treng ikkje fortelja dei alt. Eigentleg trur eg dei fleste menneske er takksam for at nokon ber for dei. Då veit dei at nokon bryr seg.
   Også gjennom samtalar, med blant anna kollegaer, kan Inge vise kva han trur på.
   - Under ein samtale om politiet sine «kundar»  var det ein kollega som spurte meg «Du trur vel at alle folk er greie du»? Då svara eg «Nei det gjer eg ikkje. Tvert imot – eg trur vi alle eg syndarar. Det er derfor vi treng Jesus. Ingen kjem til himmelen på grunn av det vi gjer eller ikkje gjer, men på grunn av det Jesus gjorde for oss».

Vegen fram til politiet

Det var på Sørlandet – bibelbeltet i Noreg, at politipresten vaks opp. At han skulle bli prest hadde han ingen tankar om då han var yngre. Planen var å bli pølsemakar ved å ta fagbrev på slakteriet hos naboen. Då denne bedrifta gjekk konkurs, valte han å bli lærar i staden. Også denne planen valte han gje opp. Eit av faga han tok på lærarutdanninga var kristendom grunnfag. I dette faget reiste dei på studietur til Israel. – Eg tenkte mykje på læresveiane - korleis Thomas og Peter ikkje var perfekte, men blei brukt av Jesus. Dei var som eg, seier Inge. – Som mange andre syns eg det kan vera vanskeleg å sjå korleis Gud jobbar i mitt liv i notida. Men ser eg på fortida mi, er det liten tvil. Nokon kallar det tilfeldigheiter – eg vel å tru at det er Gud som har leda meg fram til å bli prest. Eg trur det er ein himmel over livet mitt.

 
Copyright (c)2017 KPL