Årsmøte og konferanse 2014

-------

Song, fellesskap og føredrag om 22. juli – dette prega årsmøtet til Kristent Politilag. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Lille Camino i Storsalen er fylt med song – kristen song. «Lovsyng vår Herre, den mektige konge med ære!» syng både dei med gode, og mindre gode stemmer. Sjølv om rommet eigentleg er litt for stort for dei rundt 40 menneska som er samla er det nok få som tenkjer over det. Nesten alle som er til stades er kristne politistudentar eller arbeidande politi – alle menneske som ynskjer å leva for Jesus og samstundes å vera gode politifolk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 





Pizza skal fortæres!

Årsmøtet nærmar seg slutten. Etterkvart som klokka tikkar mot 22.00 blir det gradvis færre og færre menneske i lokalet. Dette er kanskje ikkje er så rart – dagen har vore lang, med mykje spennande og variert program. Rak Marie Hatløy, Christoffer Holten Gidske, Kristin Thingbø, Ingebjørg Nordbø og Martin Ødegård delte fin song og pianomusikk, Jørgen Sjåstad talte og det var 20 pizza og mykje sjokolade og chips som skulle nytast før folk gjekk kvar til sitt. Også før samlinga i Lille Camino var det mykje som skjedde – men då på Politihøgskolen.


















Jørgen Sjaastad

Årsmøtet og føredrag

Klokka 10.00 møtte rundt 25 av dei mest ivrige KPL-medlemane opp på det årlege møtet. Sjølv om dette kanskje blei opplevd som noko tidleg på ein laurdag, spesielt for studentane, fekk dei som møtte opp god informasjon om året som har gått – og om kva som skal skje i tida framover.

Det var tydeleg større interesse for føredraga som omhandla 22. juli, då rundt 100 menneske var samla for å høyra på. Først ut på scenen var første enhet på staden og deretter beredskapstroppen. Dei frammøtte  fekk høyra om desse menneska sine eigne opplevingar, deira deltaking og refleksjonar og tankar som dei har gjort seg i etterkant av ei særs alvorleg og dramatisk hending.

John Roger Lund som var etterforskingsleiar i etterkant av 22. juli hadde det avsluttande føredraget. Lund gir uttrykk for at det er bra at ein legg til rette for arrangement der ein reflekterer over og prøver å danna seg eit heilskapleg bilete av ei tragisk hending. – Det er viktig å sjå om vi faktisk har utvikla oss etter 22. juli, seier han.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 






John Roger Lund

- Dersom dei som kom her i dag skal hugsa tre ting frå det eg har sagt må det vera at ein som leiar må ein ha fokus på medarbeidarane og oppriktig ville at dei skal lukkast, at ein må ha gode rutiner for større hendingar med riktig nøkkelpersonell til dei ulike etterforskingsoppgåvene og at vi alle må hugsa at det også er god beredskap i kvalitativ etterforsking, fortel han vidare.

B3 studentar på føredrag

Johan Jahr og Ludvik Fahr er ikkje medlemar i KPL. Likevel kom dei for å høyra på føredraga. – Det var store namn på programmet, seier Johan. – Spesielt føredraget til første enhet på staden var interessant, lærerikt og ærleg. Ludvik er einig. – Det er viktig å vera klar over at det skjer mykje i den verkelege verda. Vi veit aldri kva vil kjem til å oppleva som politi. Dette må vi vera forberedt på. Begge opplever det som positivt at KPL legg til rette for slike arrangement. – KPL viser seg med dette som ein del av politiet, seier Johan.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Av Solveig Sæther



Publisert/ published: 12-02-2014